Kvifor vern?
Norddalsåna er verna som eit type- og referansevassdrag. Vassdraget er utan særlege tekniske inngrep, og står fram med eit landskapsbilete og flora/fauna som er typisk for regionen. Saman med Hålandsvassdraget skal dei vera referanse for samanlikning, og som friluftsområde. Referansevassdrag bør omfatta gradienten frå fjord til fjell, og vera så naturlege som mogleg.
Temakart
Kartet viser det grensene for Håland og Nordalsvassdraget. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. vasskraftverk, kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".
Meir om verdiane i vassdraget
Det er laga ein VVV-rapport om Nordalsvassdraget. Rapporten gir ein eit oversyn over verdiane i vassdraget, stadfestar dei, og gir eit oversyn over kor kunnskapsgrunnlaget manglar. Målet med rapporten er at alle som planlegg arealbruk eller inngrep i vassdraget skal vita kva som finst.