Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Dyreliv

Tekst: Alf Odden 

Dyraheio landskapsvernområde er rikt på liv. Her finn ein ei lang rekke artar med fuglar og pattedyr som er med på å gje liv til fjellandskapet.

 

Villrein er karakterarten

 
Reinen har vore så viktig for folk med tilknyting til fjellområda, at anna ord enn "dyr" ikkje har vore naudsynt å nytta seg av. Framleis i dag er det vanleg å høyra "har du sett dyr i heia?" - og med det meinast sjølvsagt reinsdyr. Namnet Dyraheio kjem av denne ordbruken.
 
Artane er langt på veg dei same som ein finn elles i Ryfylkeheiane, men som namnet seier kan ein ofte møte på villrein. Sjølv om villreinstamma har vore relativt liten dei siste åra er det framleis villrein i Dyraheio, og dette dyret er utan tvil karakterarten for dette område.

 

Dei siste åra har det vore mest vanleg å treffe på villrein i dei austlegaste delane av område. Nokre mindre flokkar nyttar og område lengre vest, og om den totale bestanden aukar kan ein forvente å treffe dyr over heile område. Dyraheio blir i stor grad nytta som vinterbeite av den nordlege stamma som held til i Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane. Om våren trekker simlene austover mot kalvingsområda, men kjem attende til Dyraheio utpå sommaren. Tidleg om hausten står dyra normalt lengre aust, men i jakta er det mest alltid dyr å sjå. I område går det mange kjente villreintrekk, og dei fleste er framleis i bruk.

 
Stamma som reinsdyra høyrer til har sitt leveområde i Setesdal - Ryfylkeheiane. Dette er Europa si sørlegaste villreinstamme. Dyra er naturleg små av vekst. Dette er ei naturleg tilpassing til eit særs karrig fjellmiljø og eit barskt klima.
 
Grunna store kraftutbyggingsprosjekt har leveområdet til reinen minska sterkt. Gamle trekkvegar er øydelagde og beiteområde er neddemde. I dag er det å sikre eit samanhengande fjellområde for villreinen eit sentralt føremål for vernet av Dyraheio.
 

 

Elg og hjort

 

Elg i fjellbjørkeskogen.Av andre hjortedyr kan ein råka på både elg og hjort. Dette gjeld særleg i dei lågareliggande delane i nordvest. Mellom anna held det til ein liten elgstamme i områda rundt Bleskestadmoen, men ein kan og møte på elg på trekk til og frå Setesdalen langt inne i høgheia.

 
 

Rovdyr

 
Av rovdyr er det raudreven som er mest talrik, og den kan treffast på både i fjellbjørkeskog og oppe i høgheia. Kvart år streifar det og jerv innom område. Ein reknar til og med at same individet har vore i Dyraheio fleire år på rad. Dei mindre rovdyra mår, røyskatt og snømus er og faste innslag. Tidlegare var det og fjellrev i heia. Framleis kan ein finne store hikompleks i sandhaugar rundt i område, men det har ikkje vore sikre observasjonar av fjellrev sidan tidleg på 1990-talet.
 
 

Gnagerar

 
Elles er gnagarfamilien representert med hare og fleire artar med smågnagar. Haren er relativt talrik og du kan du møte den både nede i skogen og oppe på snaufjellet  Lemmen er og ein viktig art i høgfjellsøkologien med fast tilhald i høgheia, men bestanden varierar mykje med regelmessige toppar kvart tredje eller fjerde år. I slike smågnagarår har rovdyr og rovfugl godt tilgong på mat og kan fostre opp store ungekull. Med ujamne mellomrom prøvar og beveren å etablera seg. Sist gong skjedde dette i nærleiken av Dørlevatnet på slutten av 1990-talet. 
 

Fugleliv

 
Orrfugl, og her orreleik, finn ein i dei lågareliggande vestlege delane av verneområde.

Det er eit rikt fugleliv i bjørkeskogsområda i Dyraheio. Både orrfugl og lirype held til i liene, og det er bestandar av både svarttrost, måltrost, gråtrost, raudvingetrost og ringtrost, kor særleg dei tre siste er talrike. Talrike er også ei rekke mindre sporvefuglar som lauvsongar, heipiplerke, steinskvett, bjørkefink, bokfink, kjøttmeis og granmeis. Ein vil og kunne treffe på blåmeis, raudstjert, sivspurv , raudstrupe  og blåstrupe. Linerle kan ein og sjå, særleg i samband med stølane. Mellom anna held det til eit par på Stranddalshytta, mest 1000 moh. Gauk er også vanleg i området ettersom fleire av dei vanlegaste vertsfuglane er tilstades. Av vadefuglar er rugde og rødstilk faste  innslag og strandsnipa er vanleg langs elvar og vatn. I mange elver og bekkar har og fossekallen fast tilhald. 

I skogsområda er dvergfalk den vanlegaste rovfuglen, men i høgheia er kongeørna oftast å sjå. Tårnfalk er og eit vanleg innslag, og den meir sjeldne jaktfalken hekkar og fleire stadar i Dyrahaio. Fjellvåk hekkar og regelmessig i Dyraheio, og i gode smågnagar år kan fjellvåk være eit ganske vanleg syn.

Mange av spurvefuglane frå fjellbjørkeskogen treff ein og på i høgheia, i tillegg til at det kjem inn nokre meir spesialiserte fjellartar. Vanlege artar er fjellrype, kråke, ravn, fiskemåke, heipiplerke, steinskvett, snøspurv og fjæreplytt, mens heilo, sandlo og boltit er meir sjeldne. Langs vatn og vassdrag er strandsnipa vanleg, mens fossekallen er å finne i mange elver og bekkar. 
 
 
Fjellrype.

 

Fisk

 
Det er aure i mange vatn, og fleire av bestandane er av svært god kvalitet. Sur nedbør er ikkje lenger noko trugsmål, men dei siste åra har ein sett ein tendens til tette bestandar og ”overbefolkning”  sjølv i høgareliggande vatn. Truleg har fleire tidlege somrar medverka til at gytinga har vorte litt for vellukka. Lengst søraust i Dyraheio kan ein og få canadisk bekkerøye  i Hellevatnet og Pøyleåna. Dette uvanlege innslaget skyldast fiskeutsettingar i Bykle, som etter kvart har utvikla seg til sjølvrekrutterande bestandar.