Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Garden og gardshusa

Svært mange kulturminne er knytt til garden og gardshusa. Mellom anna hadde gardane ofte fleire stølar, heimestøl (vårstøl) og fjellstøl (sommarstøl).

Gaukstøl i Bråtveitheia er eit døme på stølsområde i kommunen som har mykje av det opprinnelege stølspreget.

Tunskipnad, heile garden


Folketalet byrja å ta seg opp frå 1600-talet etter å ha lege nede i 250 år, og i dei følgjande to hundreåra var folkeauken stor. Det vart større etterspurnad etter jorda og ei teigblanding vart viktig for at kvar eigar skulle ha ein part av ymse slags jord. Dette er kanskje viktigaste grunnen til at fleire gardsbruk vart lagt samla i klyngjetun eller rekkjetun. Stovehusa vart gjerne plassert samla inst i tunet og med uthusa ikring. Det var ikkje uvanleg at 4-5 gardbrukarar til saman hadde eit tun med 30-40 hus. Nattland var eit eksempel på klyngjetun før utskiftinga på 1870-talet. Det nærmaste me kjem klyngjetun i kommunen i dag må vera Gauttun, Hebnes og Løland. Noko rekkjetun er ikkje kjent i kommunen.
 
Mest kvar av dei viktigaste verksemdene på garden hadde eigne hus, og i tillegg hadde gjerne kvart dyreslag sitt hus. I tillegg kom utløer, sjøhus og stølshusa. Med utskiftinga i siste halvdel av 1800-talet fekk kvart gardsbruk sitt eige tun. Mot slutten av dette hundreåret vart det difor bygd mange nye hus.

Døme på representative og/eller særprega gardsmiljø i kommunen:

  • Litunet, gardsanlegg med tun etter mellomaldermønster
     
  • Mokleiv øvre, eit nå fråflytta gardsbruk med 7 hus som alle er sette i kl.B i Se frak. Samtlege hus er frå 1800-talet, og er haldne i sin opprinnelege form. Tunet er omgitt av eit historisk kulturlandskap og heile miljøet er svært autentisk. I forfall.
     
  • Børkjenes. Dette er eit døme på ein gard som framleis har mange av småhusa intakte sjølv om dei fleste har mista sitt opphavlege føremål. I det særmerkte tunet og omgjevnadane er det 16 hus korav 3 er registrert i kl.A og 13 i kl.B. Mange av husa er svært gamle. For denne største av gardane i Hamrabøgrenda har heia vore ein viktig del av næringsgrunnlaget. Alle hus i tun og utmark, 24 i talet er under istandsetjing.
  •  Jektevik, eit lite småbruk på Ropeidhalvøya der fiske har vore ein viktig del av næringsgrunnlaget. 3 hus på garden er alle sett i vernekl.B.
  • Foss. Gammalt tun i dalføret med særs autentisk preg. Stovehus, løa, stabbur og eldhus. Ikkje i bruk og i forfall.
     
  • Vasshus. Stor gard midt i dalføret med mange små og store hus, der nye bygningar har fått særs god tilpassing i høve til dei gamle. Alle eldre hus nyleg restaurerte.
     
  • Hylen. Eit særprega tun i eit særprega kulturlandskap med fleire bygningar frå 1800- og tidleg 1900-talet. Like ved ligg murane etter den store handelsverksemda på staden i siste del av 1800-talet. Fleire av gardshusa treng istandsetjing.
     
  • Rødne, autentisk miljø med vånings- og folgehus, løa, naust, eldhus og kvernhus.

 
Andre:

  • Brattland midtre
  • Klungtveit indre og ytre
  • Ytre Rødne

Børkjenes i Hamrabø.

 

Bustadhus, stovehus


Utviklinga av eldstaden står sentralt i endringa av bustadhusa opp gjennom tida. Dei to største endringane hadde ein frå open eld på åre til peis med pipe og vidare til jarnomnen.
 
Årestova er den eldste stova ein kjenner til, med ein open eldstad midt i rommet og med ljore i taket (hol i taket) der røyken slapp ut. Denne stovetypen vart på Vestlandet skifta ut med røykomnstova eller røykstova på 1600 og 1700-talet. Røykomnen var mura opp inntil veggen, og det vart lagt tregolv. Røyken vart framleis trekt ut gjennom ei ljore i taket. Røykstova heldt seg i bruk på Vestlandet til fyrste delen av 1800-talet. I røykstovene kunne det vere halvlem eller hems over døra på gavlveggen. Hemsen vart nytta som soveplass for borna. Overgangen til peis og pipe kom fyrst til indre strøk på slutten av 1700-talet. Pipa førte til eit viktig skilje i utviklinga av huset, ettersom ein no ikkje hadde røyken inne i stova og ein kunne leggje lem over heile rommet. Samstundes vart og glas meir vanleg. Dei fyrste omnane var mura opp inne i gruva, før støypejarnsomnen kom på 1860-talet. Stovehuset fekk fleire rom med sin spesielle bruk. og det vart murt opp kjellar.
 
På 1880-talet kom påverknadene frå sveitserstilen og dominerte byggjeskikken i ein del år framover. Husa fekk utoverhengande tak, ark med veranda og gjerne trapp opp frå hagen. Sperrer, åsender og bordkledningen var profilert og det kom utskjæringar i mønene, rundt vindaugo og dørene. Rundt hundreårsskiftet var jugendstilen i nokon grad utbreidd og eitt karaktertrekk ved denne stilarten er mansardtak, dvs. tak som går mest loddrett nedover øvste del av veggene. Ut på 1920-talet kom reaksjonen på all den utanlandske påverknaden i byggjeskikk. Husa frå denne perioden har stilomtalen nyklassisme, der grunnplanet er kvadratisk, hus i ein og ei halv etasje, ark på framsida og bratte tak, gjerne med svai.
 
På slutten av mellomkrigsåra tek reisverkshusa over etter tømmerhusa. Den nye retningen er funkisstil, som er karakterisert med det funksjonalistiske der ein har gått heilt bort frå utskjæringar og anna utsmykking av husa. Taket er gjerne heilvalma og vindua er tofags eller trefags utan sprosser.
 
Etter krigen er det mykje gjenreising og ein sterk utviklingsoptimisme. Det vart mogleg å få husbankfinansiering til bygginga og det vart bygd nøysame og enkle bygg. Husbankens typeteikningar vart nytta og me får små 1 1/2 etg. hus med ein tilnærma kvadratisk form. Vindauga var oftast med to fag. Nye materiale som eternitt kom på denne tida. Husa vart gjerne mala i sterke fargar.
 
Døme på særmerkte og/eller representative stovehus/ bustadhus i kommunen:

  • Bjørklund ytre.Vernekl.A. Delar av huset (tømra i ei av stovene) er frå 1680-åra.
     
  • Karlahuset, Nordenden, Sand. Huset er bygd i 1863, først i 1 ½ et. i 1870 påbygd til 2 fulle etasjar. Eit særmerkt "byhus" og eit av strandstadens eldste. Omfattande restaurering er naudsynt.
  • Brodersenhuset, Jelsa, frå 1786. Mange detaljar i rokokkostil.
  • Foss gnr/bnr 1/5, vernekl.A. Eine stova er bygd i 1700. Restaurert sist i 1965 med nytt torvtak
     
  • Økstra gnr/bnr 144/1. Stort og særprega hus bygd i empirestil 1850, som eit vitnemål om solid velstand på ein av Ryfylkes største skogagardar.
     
  • Barkeland, tilsvarande som våningshuset med hage på Økstra. Huset oppført i 1790.
     
  • Andre våningshus som er sett i kl.A i Sefrak: "Gamlenilsbuo" på Havrevoll, Vikane under Havrevoll, Mokleiv øvre, Gauttun, Moatre på Nes, Kvednaflåto under Bråtveit, Hoftun. 

Karlahuset på Sand.

 

Løe, fjos og stall


Tidlegare var det mest vanleg med eige hus til foret og eige hus til kvart av dyreslaga.
 
Under påverknad av dei landbruksøkonomiske selskapa på 1850-talet vart det meir vanleg å ha fleire av desse romma samla under eit tak. Sjølve fjoset vart som regel lafta inni eit stavbygg som omfatta høystad mm.

 

Døme på særmerkte fjøsbygningar i kommunen:

  • Overskeid
  • Indre Klungtveit
  • Indra Åsarøyna (bygd 1777) 
     

Stabbur


Stabburet var fyrst og fremst eit matbur for korn, mjøl, flesk og flatbrød. Stabbene er anten hogde i tre eller det er steinstabber. Øvst er det ein krage for å hindre mus og rotter i å kome inn. Stabbura er som regel i ei høgde og tømra. Ikkje så mange er att i dag, men døme på gamle, fine stabbur i kommunen er stabburet på heimra Vetrhus, på Bakka i Kvilldal, og på Ilstad. 15 stabbur i kommunen er sett i kl.A i Sefrak, m.a. Havrevoll, Gauttun, Roalkvam (2), Vetrhus, Øystad, Bjerga og Foss
 

Husmannsplass


I Suldal var det eit omfattande husmannsvesen, der talet på busette husmannsplass var særleg høgt på siste halvdel av 1800-talet. Forutan Røynevarden, som Ryfylkemuseet tar seg av, er det nokre få husmannsplass att der bygningane er tekne vare på. Teien under Vetrhus har våning og løe intakt, der sistnemnde er ein særmerkt bygning i tømra. Det avgøymde Vikadn under Havrevoll var eit stort og godt husmannsplass, med alle hus i god stand den dag i dag. Løkkja under Holmen i Ulladalen har samanbygd stove og fjos.
 

Tømra løe frå husmannsplassen Teien, Vetrhus.

 

Utløer


Dei fleste gardane kunne ha mange utløer som var sette opp der slåtteteigen låg. Slåtteteigane kunne ligge uvegsomt til i fjellet og i dalsidene ettersom det vart slege gras alle moglege og "umoglege" stader. Løypestreng vart difor ein del nytta for å få foret heim, men i hovudsak vart graset frakta til gards vinterstid på hest og slede. Utløene vert ikkje lenger nytta slik som tidlegare, men dei står framleis mange stader i kommunen og fortel om tidlegare driftsformer. Svært mange har blitt restaurert dei siste åra. Fleire stader som t. d. i Hamrabøheia utgjer utløene ein viktig del av landskapsbiletet. I Sefrakregistreringa er 6 utløer sett i kl.A, m.a. 3 i Mo i Lundeskardalen, 2 på Hjorteland og på Meland, Ulladalen.
 

Utløe i Lundeskarsdalen (Mo).

 

Stølsbygningar- og miljø


Gardane hadde ofte fleire stølar, heimestøl (vårstøl) og fjellstøl (sommarstøl). Det var heller ikkje uvanleg å ha ein støl til (midtstøl). Stølen har som regel ei plassering som var tilpassa den bruken som stølen hadde, med vasstilgang, noko skog for uttak av ved og gode beitetilhøve i nærleiken. Fjellstølen låg ofte fritt til med god utsikt for å kunne ha eit auge med buskapen og rovdyr. Nokre stader var det mindre gjerde kring kvar støl med grasslått.
 
Døme på stølsområde (stølsanlegg) i kommunen som har mykje av det opprinnelege stølspreget er Reinstøl ved Gullingen, Håvestølen, Mostøl, Jonstøl, Gaukstøl, Skitstøl og Reinskvelven i Bråtveitheia, Skarstølen og Longhaug i Hamrabøheia. 

 

Naust og sjøhus


Sjøen var etter gammalt like fram til slutten av 1800-talet hovudferdselsåra, og med det var naustet eit særs viktig hus på dei fleste gardar. Nausta kunne liggja samla, der det var trongt om plassen, slik som i Tengesdal og i Kvilldal. Stein kunne bli nytta som byggjemateriale i sideveggane, medan gavlveggane var bordkledde, slik me ser det på Døskjanaustet på Vormestrand og Børkjenesnaustet ved Suldalsvatnet. Men oftast er dei eldra nausta grindabygde slik som Lingvongnaustet. Var det god tilgong på tømmer kunne naustet bli bygd i tømra, slik me ser det på Lølandsnausta og det gamle Vidveinaustet. Linaustet er tømra, det er særmerkt og truleg svært gammalt. I kommunen er det registrert 61 naust i kl.A og B i Sefrak-reristreringa.

Linaustet er tømra, det er særmerkt og truleg svært gammalt.

 

Jakthytter


Steinkilen er ein sentral stad for den tradisonsrike dyrajakta i øvre Suldal. Her er det 3 jakthytter frå 3 tidsepokar der alle vert haldne godt i stand. Den "midtre" oppsett på 1930-talet er særprega med valma torvtak, medan den eldste frå 1800-talet er halvt inngroven i bakken og vert nytta til stall. I Leirdalen og i Breiavad er det gamle jakthytter.
 
 Jordhytta i Breiavad.