Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Lingvong (filmdokumentar)

"Lingvong - fossen, juvet, garden" er ein naturdokumentar som viser korleis Lingvongvassdraget var før det blei regulert og vatnet ført i røyr gjennom fjellet til Sauda (2010).

Lingvong er eit mektig stykke norsk natur. Vassdraget og det ville juvet ligg ved Hylsfjorden og med Skaulen i ryggen. I uminnelege tider har den storslåtte Lingvongfossen vore eit landemerke ved fjorden.
På ei fjellhylle 460 meter ovafor fjorden ligg Lingvonggarden, ein av dei mest avsidesliggjande gardane i Rogaland. Garden var busett fram til rundt 1960. I dag er mykje av både kulturlandskapet og bygningsmassen restaurert.

Manus og regi: Ole Jakob Voorra
Klipp: Eirik Davidsen
Filmen er laga på oppdrag frå Suldal kommune.