Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Friluftsliv

Tekst: Alf Odden

Det er gode grunnar for å hevda at friluftslivets vogge i Rogaland stod i Kvanndalen.

Den første turisthytta i Kvanndalen blei oppretta så tidleg som i 1888. I dag gir hytta framleis eit godt bilete av korleis dei første turistane budde.

 

Det var i Kvanndalen den nyoppretta Stavanger Turistforening (STF) fekk si første hytte i 1888. Den første turistlinja,  mellom Haukeliseter og Roaldkvam, vart etablert same året. Turisthytta stod på Bakkaleger, lengst inne i Kvanndalen. Den var opphavleg bygd som husvære for gjetarar nokre år tidligare, men STF fekk leige den av grunneigarane. Hytta var av svært enkel standard og vart omtala som primitiv og tarveleg alt i 1893. Den var utstyrt med fire halmmadrassar, ei open grue og eit forheng som kunne dele det vesle rommet i ei kvinne- og ei mannsavdeling. Det skulle vise seg at tilhøva var vel kummelege sjølv for datidas turistar, og i 1898 bygde STF ei ny turisthytte ved stølane på Svultanuten. Kvanndalshytta er framleis i bruk og sjølv om hytta er pussa opp fleire gonger, gjev den framleis eit godt bilete av korleis dei fyrste turistane budde.

 

Med tida har STF sitt løypenett i Kvanndalen blitt utvida, men ruta mellom Haukeliseter og Kvanndalshytta er framleis i bruk. Det er også kome til ruter mellom Kvanndalshytta og STF-hyttene Bleskestadmoen og Holmevasshytta. Den største endringa i løypenettet er likevel knytt til anleggsvegen frå Roaldkvam og opp til Kvanndalsdammen. Nå er det berre ein 4-5 km lang tur frå parkeringsplassen og inn til Kvanndalshytta.

Sjølv om tilgongen til området har blitt mykje lettare, har ikkje bruken av området auka i særleg grad. Dei siste åra har Kvanndalshytta hatt mellom 100 og 150 overnattingar i året.


Toppen er nådd! Rogalands høgaste fjell, Vassdalseggi (1658 moh).

 

Innanfor landskapsvernområde er det moglegheiter for å få fin aure.

Forutan fotturistane får Kvanndalen landskapsvernområde besøk av ein del fiskarar, og det er felles fiskekort både for sjølve Kvanndalsåna og dei ulike fjellvatna innanfor verneområdet. Området er og brukt til småvilt- og reinsdyrjakt.