Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Geologi og landskapsformar

Tekst: Alf Odden

Dei store og dramatiske kontrastane som pregar dagens landskap i Kvanndalen landskapsvernområde, har ei lang geologisk forhistorie. Heilt enkelt sagt kan berggrunnen i området samanliknast med ei blautkake. Eit lag med harde bergartar utgjer kakebotn nedst, eit lag med lause bergartar utgjer kakefyllet i midten, før ein får eit nytt lag med harde bergartar på toppen.

Bergrunnen i området er tredelt slik ein kan sjå det på dette bildet frå Kvanndalen. Nedst finn vi grunnfjellet opp til første avsats, i midten fyllitt og glimmerskifer og øvst ligg skyvedekket.


Grunnfjellet


I det nedste laget finn vi grunnfjellet. Overflata til grunnfjellsområda var i utgangspunktet relativt jamn og flat og er restar etter det såkalla ”subkambriske peneplanet”. Ei flate som blei danne for om lag 600 millionar år sidan, da vêr og vind hadde tæra ned store delar av fjellkjedene frå urtida. Innanfor verneområdet finn vi restar av denne gamle flata på dei karakteristiske hyllene eller skorene Svultanutskora og Sevskor som ligg 1000 moh på begge sider av Kvanndalen. Dette betyr at dalbotn og dei 400 nedste metrane av dalsidene ligg innanfor grunnfjellsområdet.
Her i Kvanndalen består grunnfjellet av granitt, basalt og sandstein. Granitten er den dominerande bergarten og har si utbreiing i to område. Det eine strekk seg frå Kvanndalsdammen og inn til Svultanuten, mens det andre ligg inst i dalen ved Bakkaleger. I mellom desse to områda består berggrunnen av vekslande striper av sandstein og basalt som går på tvers av dalbotn. Eit område med basalt og sandstein finn ein også i eit belte langs Tverråna frå utløpet av Litlavatnet og ned til Sandvatn.

Granitt er ein vulkansk djupbergart som saman med gneis er dei to vanligaste grunnfjellsbergartane. Granitten er lett gjenkjenneleg ved at mineralkorna er godt synelege og at dei ikkje dannar noko fast mønster. Granitten i Kvanndalen er i tillegg relativt grovkorna slik at den er lett å skilja frå dei andre bergartane. Fargen er som regel grålig, men kan variera frå raudleg til nesten svart.
Basalt er ein vulkansk dagbergart som blir danna ved at lava størknar oppe på overflata. Basalt er ein svært finkorna bergart og får ofte ein jamn gråsvart farge.
Sandstein er ein avsetningsbergart som består av sandkorn som ved hjelp av trykk og temperatur har blitt pressa saman til fjell. Sandsteinen i Kvanndalen er finkorna og har ein lysgrå farge.

Dei fleste grunnfjellsbergartane er harde bergartar som forvitrar seint. Dette betyr at steinen i liten grad brytast ned til sand og grus som kan gi vekstvilkår for planter. I tillegg er grunnfjellsbergartane svært næringsfattige, slik at det berre er dei plantane som klarer seg med lite som vil trives i slike område.

 

Skiferlaget


Geologien i Kvanndalen landskapsvernområde.Fyllitt og glimmerskifer (grønt i kartet) som utgjør laget over grunnfjellet har ganske andre eigenskapar. Som det lokale namnet ”råtafjell” tydar på, forvitrar fyllitt svært lett og gir opphav til eit tjukkare jordsmonn. Elles er særlig mørk fyllitt rik på kalk, magnesium og andre viktige næringsstoff som alle planter set pris på. Derfor vil vi i fyllittområda finne ei rekke planter som stiller store krav til næringstilgang og som derfor ikkje vil finne livsgrunnlag i grunnfjellsområda. På vestsida av Kvanndalen finn vi fyllitten helst som eit lag nedst i bergveggen opp frå Svultanutskora, men nord og aust for dalføret ligg fyllitt og glimmerskifer heilt oppe på overflata i store område. Slik som til dømes på Lisledalsfleene og områda rundt Litlavatnet.


Fyllitt er ein omdanna eller metamorf bergart. Utgangspunktet er leire som blei avsett i havområda som overfløymte det ”subkambriske peneplanet” for om lag 600 millionar år sida. Leirlaga vart stadig tjukkare gjennom heile kambro-silur som varte i om lag 200 millionar år. Etter kvart som trykket auka blei leira forsteina til avsetningsbergarten leirskifer. Under den ”Kaledonske fjellkjedefolding” for om lag 400 millionar år sidan blei jordskorpa folda og det oppstod ein stor fjellkjede over det meste av Vest-Noreg. Nå blei leirskiferen ført lengre under overflata og på grunn av auka trykk og temperatur blei den omdanna til fyllitt og nokre gonger vidare til glimmerskifer.

 

Strandlinja ved Litlavatnet ber preg av at området har mykje skifer.

 

Skyvedekket

 

Gneis fotografert i skyvedekket.

I samband med den ”Kaledonske fjellkjedefoldinga” vart også eldre grunnfjellsbergartar skyvd over den yngre fyllitten. Denne ”høgfjellsetasjen” eller ”skyvedekket” som den også kallas består i hovudsak av ulike typar gneis. I Kvanndalen landskapsvernområde finn vi den at på dei høgaste toppane. Heile massivet på vestsida av Kvanndalen med Mælen, Ikastenuten og Trollaskeinuten består av gneis. Det same gjer toppen av Kistenuten, Vassdalsegga og Fidjanuten. I tillegg finns det ei ganske stort område med gneis rundt Isvatnet. På desse stadene fungerer dei harde gneisane som eit lokk som vernar dei mindre harde laga med fyllitt som ligg under. Gneisen i skyvedekket har omtrent dei same eigenskapane som granitten når det gjelder grunnlag for plantevekst. Bergarten forvitrar seint og gir opphav til eit skrint og næringsfattig jordsmonn.

Gneis er ein sterkt omdanna bergart som kan ha sitt utgangspunkt i mange andre bergartar. I gneisen er dei enkelte mineralkorna ikkje synlege, men den kjenst lett att ved at dei dannar tydeleg band og striper ofte med forskjellig farge.

Utsyn mot Ikastenuten (nærmast, 1607 moh), Trollaskeinuten (1622 moh) og Mælen (1574 moh). Alle toppane ligg i skyvedekket.

 

Landskapsformer og lausmassar


Etter den store fjellkjedefoldinga startar nedtæringa av dei høge fjella. For 66 millionar år sidan glir landplatene til Grønland og Noreg frå kvarandre og Atlanterhavet og Norskehavet blir danna. I samband med dette vart Vestlandet heva opp minst 1000 m. Dei siste to millionar år har fleire istider og utallige elver og bekkar tæra på fjella og forma det landskapet vi finn i dag.

Kvanndalen er grove ut av isen og er ein såkalla hengande dal i høve til hovuddalføret i Suldal.

 

I Kvanndalen finn ein mange spor etter isen og vatnet sitt arbeid. Sjølve dalen er i hovudsak grove ut av ein isbre, og fekk sin noverande utsjånad med eit U-forma tverrsnitt etter siste istid. Dei store skorene oppe i dalsida tydar likevel på at det gjekk ein dal her også forut for istidene. Samstundes er dalen såpass djup og rettlinja at ein trur at vatnet og isen må ha starta arbeidet med utgangspunkt i ein allereie eksisterande sprekk.

Det er ikkje berre den store dalbreen i Kvanndalen som har sett sitt preg på landskapet. Også mindre botnbrear har grove ut karakteristiske amfiforma gryter. Eit svært godt døme på ei slik landskapsform er Ikasteskaret. Inne i gryta kor Litlavatnet ligg er det og ein botnbre som har grove bort all fyllitten slik at grunnfjellet blir synleg. Etterpå har vatnet i Tverråna grove ut eit V-forma gjel gjennom berggrunnen på sin veg ned mot Sandvatnet. Vatnet har også sett sitt tydelege preg på landskapet andre stader. Kvanndalsåna har grove ut eit liknande gjel lengst inne i dalen der dalbotnen fell nær 300 meter i løpet av eit par kilometer. Isåna sitt gjel må også nemnas, men her har ein særlig hard kant av grunnfjell hindra elva i å grave ut eit gjel med jamn helling. I staden har det danna seg ein praktfull foss som sakte trekk seg bakover.

I dei høgaste områda kan ein finne stein og grus ordna i eit spesielt mønster. Dette er polygonmark, eit resultat av frosten sitt arbeid. Bilde er frå Isvatnet.

 

Lausmassane i Kvanndalen landskapsvernområde består i hovudsak av morenemateriale som vart av sett av breen etter siste istid. Det er både snakk om botnmorene som vart avsett på undersida av isen, og ablasjonsmorene som er restar etter lausmassar som låg inne i eller oppe på isen. Kjenneteiknet på morene er at både stein, grus, sand og leire er blanda saman utan noko system, samstundes som småstein og grus har skarpe kantar og i liten grad ber preg av å vera slipa av vatn. Morenedekket i området er for det meste svært tynt. Det kan ein mellom anna sjå ved at det stikk opp knausar med fast fjell mange stader. I dei bratte sidene av Kvanndalen, skråningane ned frå dei høge toppane i nord og aust, samt nordskråninga i botnen ved Litlavatnet, består lausmassane av rasmateriale. Her er det særlig den lause fyllitten som er opphav til rasmarkane. Eit unntak er Gråurda som ligg oppe på Svultanutskora. Den er truleg danna av eit stort fjellskred med harde bergartar frå Trollaskeinuten. Nokre stader langs Kvanndalsåna finn vi også ei tredje form for lausmassar, nemleg elveavsetningar. Elveavsetningane består av grus og sand som er slipa og sortert av rennande vatn. Desse finn vi på dei flate elveslettene mellom Bakkaleger og Midtvika, og nede ved Raudmyr og Svultatuten. Fleire av desse stadene finn ein også markerte terrassekantar kor elva har grove seg ned i avsetningane. På elvesletta nede ved Svultanuten går også Kvanndalsåna i flotte meandersvingar.

Meandersvingar sør for Svultanuten.