Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Vern og bruk

Tekst: Jarle Lunde

Kvanndalen har store naturverdiar og blei difor verna i 1997, men det er ikkje slik at naturområde er urørt av tekniske inngrep.

 

Mot kveld ved Litledalsflæene.

 

Landskapsvernområdet

Kvanndalen landskapsvernområde er 84 km2  og blei verna i 1997. 

Forskrifta fortel kvifor det blei verna: 
Føremålet med landskapsvernet er å ta vare på eit særmerkt fjellområde med urørt natur, rikt planteliv med m.a. bergjunker, verdifulle stølsområde, beitelandskap og eldre og nyare kulturminne etter støling, heibeiting, jakt, fiske og fangst. Føremålet er også å ta vare på viktige leveområde for viltet, spesielt å sikre eit samanhengande fjellområde og delar av livsgrunnlaget for den sørlegaste villreinstamma i Europa.


Forskrifta gir og svar på kva reglar som gjeld. Generelt må det ikkje gjerast inngrep som vesentleg kan endra eller innverka på landskapet sin art eller karakter. Det er Verneområdestyret for Setesdal -Vesthei- Ryfylkeheiane (SVR) som er forvaltningsmyndighet.


Kraftutbygging

Isvatnet.

 

I 1962, 25 år før vernevedtaket, godkjende Stortinget omfattande planar om kraftutbygging i Røldal og Suldal. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom Hydro og staten. Ferdig utbygd gir anlegget vel 2500 GWh pr år med ein installasjon på 570 MW fordelt på 7 kraftverk. For det som i dag er Kvanndalen landskapsvernområde er desse inngrepa synlege:

Tekniske inngrep og inngrepsfri natur i og rundt Kvanndalen landskapsvernområde. Trykk på lenke for å sjå større utgåve og kartforklaring.

Isvatnet har ei reguleringssone på 10 meter. Vatnet blir ført i tunnel til Nedre Djupetjørn. Elva herifrå til Litlavatnet og vidare til Sandvatnet har difor ein større vassføring enn opphavleg. Isåna, som var opphavleg utløp for Isvatnet, har tilsvarande mindre vassføring. Fossen i Isåna kan dermed ikkje lenger kan sjåast i all sin prakt.

Kvanndalstjørna i nordaust blir overført vestover til Djupetjørn i Grubbedalen.

Den 12 meter høge og 98 meter lange Kvanndalsfoss dam, dannar den kunstige Kvanndalsdammen på 0,34 km2. Den nordlege delen av inntaksbassenget ligg innanfor det som no er landskapsvernområdet.