Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Drotninghei naturreservat

Av Vidar Lunde/SuldalFoto.no

Drotningheia naturreservat er på ca. 5900 da og blei verna for å sikra eit stort og skogrikt furuskogsområde typisk for indre Ryfylke. Her er ein triviell og artsfattig flora, men området inneheld stor variasjon i naturtypar grunna det kuperte landskapet.

I denne artikkelserien ser me nærare på Drotninghei.

Ein høgreist stein går under namnet ”Dronninga” og har truleg gitt namn til området.

 
Namnet Drotninghei kjem truleg av ein høgreist stein som står oppe på ein kant eit par hundre meter i frå det høgaste punktet i heia. Denne steinen går under namnet ”Dronninga” og heia rundt har då fått namnet Drotninghei.

 

Temakart over naturreservatet


Kartet viser naturreservatet. Du kan dra og zoome i kartet. Meir kartfesta informasjon om området, som t.d. kulturminne, artar og inngrepsfri natur kan du finne ved å trykke på "Utforsk kart".  

 

Geologi og landskapsformer

Det meste av Drotningheia består av migmatitt, diorittisk til granittisk gneis. Landskapet er svært bratt frå Suldalslågen i sør, ikkje fullt så bratt frå Grov i vest eller frå Ritland i aust. I sør flatar landskapet ut når ein kjem opp i omkring 200 meters høgde. Her ligg Vårstølstjørna som munnar ut i Hundabekken med ein lang stillerennande bekk og fleire myrar omkring. I vest må ein opp til omkring 300 meter, og i aust må ein heilt opp til 400 meters høgde før landskapet flatar ut. Her oppe går landskapet stort sett i rolege former med myrer, knausar og enkelte vatn. Men også her oppe er det nokre mindre juv med bratte sider som stort sett går aust/vest. I nord grensar reservatet til ei bratt li med mykje ur, og som endar opp i ein fjellvegg mot Raudafjellet og Søtehei.

 

Ein del av Drotninghei sett frå Søtehei. Sandvatn midt i bildet.


Frå vernereglane

  • Vegetasjonen er freda mot skade og øydelegging.
  • Nye plantearter må ikkje førast inn, og planting og såing av tre er ikkje tillatt.
  • Dyreliv, reirplassar m.v. er freda mot skade og øydelegging.
  • Tiltak som kan endra det naturlege livsmiljøet kan ikkje gjennomførast.
  • Idrettsarrangement, jaktprøver og anna organisert bruk av reservata er forbode.
  • Sanking av sopp og bær, jakt, fiske og beiting er tillatt 

 

Aktuelle lenker