Lokale klimautslepp

Nye tal frå Miljødirektoratet viser at Suldal kommune sine utslepp av CO2 er 15% lågare i 2017 enn i 2009. Dette er tal godt under målsetninga i kommuneplanen. Lokale utsleppa må likevel ytterlegare ned skal me greie å følgje opp det overordna nasjonale målet om å få ned CO2-utsleppa med 40% i 2030 samanlikna med 1990.

Sektorfordelte utslepp per år, Suldal kommune

 

Utsleppa i Suldal

Det meste av lokale utslepp kjem i frå vegtrafikk (59%), jordbruk (23%) og sjøfart (14%).

  • Det har vore nedgang i utslepp i frå vegtrafikk. Nedgang i utslepp i frå vegtrafikken heng saman med ein nyare og meir energieffektiv bilpark (dei nyttar mindre drivstoff) og at det har blitt fleire el-bilar. Det er relativt liten del el-bilar i kommunen vår samanlikna med andre.  
  • Det har vore ein auke av utslepp frå sjøfart. Dette kan henge saman med auka produksjon på Norsk Stein sitt anlegg.
  • Utsleppa i frå jordbruk har vore stabilt. Det meste av utsleppa i frå landbruket kjem i frå dyra si fordøying. I tillegg er det store utslepp i frå spreiing av kunst- og husdyrgjødsel.

Ser ein på gjennomsnittleg utslepp pr person var denne i Suldal på 20,5 tonn CO2-ekvivalentar. I Rogaland er utsleppa 9,6 tonn pr person.

>>> Sjå meir detaljert statistikk hjå Miljødirektoratet.

Om statistikken
Statistikken fordelt på kommunane er forbetra i forhold til tidligare. Talmaterialet har endra seg mykje og kan ikkje direkte samanliknast med tidligare statistikk frå SSB som blant anna blei nytta i kommunen sin Klimaplan (sjå nedanfor). Når det gjeld ambisjonen til klimagasstatistikken skriv Miljødirektoratet at "alle landets kommuner skal få tilgang til informasjon om utslippene av klimagasser i sin kommune, med et detaljnivå som gjør det mulig å vurdere tilstand og utvikling".


Kommunedelplan for klima og energi

I 2012 blei Kommunedelplan for klima og energi vedtatt i kommunestyret. Jamfør denne skal kommunen bidra til at nasjonale og regionale mål innan klimautslepp, fornybar energi, energiomlegging og klimatilpassing blir nådd.

>>> Klima og energiplan Suldal 2012-2017

For å kunne oppnå desse måla er det i planen omtalt og foreslått ei lang rekkje tiltak. På tvers av måla blir det lagt vekt på kunnskapsbygging og haldningsskapande arbeid. Det blir mellom anna foreslått at kommunen blir del av sertifiseringsordninga Miljøfyrtårn.


Mulige tiltak for oss som privatpersonar

Også som enkeltpersonar kan me være med på å bremse dei totale utsleppa av klimagassar. På Klimaløftet.no finn du mange gode råd.