Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Segner

Materielt kulturvern sikrar konkrete gjenstander (kulturminne) og den kunnskapen dei fortel. Immaterielt kulturvern er å ta vare på t.d. stadnamn og segner.

Sjøormen i Suldalsvatnet.

Hallvard M. Hoftun fortel i "Suldal kultursoge" (1981) at "I Suldal har det like opp til vår tid levt folk som trudde fullt og fast på huldra, og påstod at dei hadde sett og eller høyrt henne. Og huldresegner finst det i mange variantar." Mange av desse forteljingane er samla inn og nedskrivne.

Segner frå Suldal - database på Internett

"Arbeid med segner framstiller historiske scenar og bilete frå lokalt miljø og landskap, og gir dei kvardagslege og realistiske omgjevnadene ein ny, spennande og fantasieggjande dimensjon. Såleis kan segnstoffet vera med på å skapa lokal og personleg identitet.
Segnene gir også innsyn i sosiale tilhøve og nærbilde av lagnader i fortida, samstundes som dei gir innsyn i og døme på ein mytisk tenke- og forklaringsmåte og døme på magi."

Det er førsteamanuensis Bjørn Bjørlykke og førstelektor Nils Tore Økland ved Høgskulen Stord/Haugesund som skriv dette. Dei har samla segner frå heile "Fonna-området" og oppretta ein søkbar database der Suldal er inkludert.

Søk i databasen viser ei imponerande samling. Brukaren kan velja mellom mange inngangar, men søk etter kommune er likevel hovudvegen inn i samlinga. Frå Suldal finn ein ei rekkje spennande segner, både historiske-, opphavs- og mytiske segner.

Viste du t.d.

  • at det finst sjøorm både i Suldalsvatnet, Sandsavatnet, Mosvatnet og fjorden
  • at Gullingen har fått namnet sitt etter ein gjetargut si oppleving på fjelltoppen
  • at Heilag Olav kom siglande med skuta si inn Hylsfjorden, at han tok beinvegen og kløyvde fjellet, så det vart eit djupt skar, Hylsskaret
  • at Suldal er oppkalla etter ein konge, Sold
     

Lenke til databasen: