Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon

Karaktertrekk ved byggeskikken

Dei indre bygdene på Vestlandet har mykje av den same byggeskikken som austlandet. To hovudkonstruksjonar var vanleg i eldre tid: Tømra bygningar (laftverk) og grind- / stavkonstruksjon, og i tillegg bygging med stein.

Bygging med grindkonstruksjon på Froa.

 

Laftverk vart truleg mest nytta ettersom det var tilgang på tømmer, og laftverket ga tjukke vegger med god isolasjon. I Suldal snakka ein aldri om lafting, men om noving. Mykje tyder på at grindkonstruksjon er den aller eldste byggeskikken. Dette er ei form for stavkonstruksjon der ein set opp grinder på tvers av møneretningen. Grinda er samansett av to stavar som held beten (slindra) som er ein horisontal stolpe som er felt ned i toppen av stavane. Grindane vert bundne saman i bygget sin lengderetning av stavlegjene, som taksperra vert lagt an mot. Grindkonstruksjonen er meir materialsparande enn laftverk og vart noko nytta i delar av bygningar som svåler eller tilbygg. Utløer og låvebygningar er ofte i grindkonstruksjon og me finn framleis ei rikeleg mengd av desse i kommunen, særleg i dalføret.
 
Det som fekk mest å sei for den allmenne byggjeskikken i Suldal, som i resten av landet, var overgangen frå røykstover til hus med pipa. Nå kunne ein byggja hus med lem, eller 2 etasjar. Det var og samstundes at glaset kom i bruk til vindauga i vanlege hus. Fram til på 1800-talet var det mest vanleg å tekkja taket med torv, med never under. Helletak av villheller fekk i hovudsak utbreiing der gardane sjølv hadde hellebrot, og dei er det ikkje mange av i Suldal. Bordtak har frå gammalt ganske sikkert blitt brukt, men det er lite att som kan fortelja om det. Teglpanner kom i bruk med teglverksindustrien på 1700-talet første halvdel av 1800-talet. Slik industri var det på Sand i over 100 år, og "sandspanna" vert halden for å ha svært god kvalitet. Skifertak av klypt/hogd skifer vart ikkje tatt i bruk før på slutten av 1800-talet, og då importert frå Voss eller Hjelmeland. Bruk av skifer er helst knytt til sveitser- og jugendstilen. Bølgjeblekk vart importert til Norge frå 1890.
 
Fram til 1900-talet var husa stort sett umåla. Nokre stovehus kunne vere måla og fram til 1870-talet var fargane stort sett haldne i raudt, okergult eller i empirgrått som var mest vanleg på embetsmannsgardar.