Påkøyring av hjortevilt

I perioden 2007 til 2017 blei 93 hjortedyr påkøyrde på vegane i Suldal. Kva gjer du om du kjem i ein slik situasjon?

Påkøyrd elg

 

 

På staden:

  • Ta på deg markeringsvest og sikre ulykkesstaden
  • Få oversikt over eventuelle skada personar og gi førstehjelp/kontakt 113 dersom akutt hjelp er nødvendig.
  • Ring Politiet, tlf 02800, og meld frå. Dei sørgjer for å kalle ut personell for ettersøk og eventuell avliving.
  • Merk påkjørselsstad – dette for å kunne spore skada dyr.
  • Hjelp det skadde dyret så langt du har mulighet.

Det vanlege er at du slepp bonustap ved viltpåkjørsel.

Kommunen er «eiger» av hjorteviltet og har folk som gjennomfører ettersøk og eventuelt avliving av påkøyrde dyr. Dyra blir registrert av kommunen i hjorteviltregisteret, uansett om dyret blir avliva eller ikkje.

Du skal også varsle kommunen eller politiet hvis du kommer over hjortevilt som på annen måte er alvorlig sykt eller skada.
 

Flest hjort

Av dei 93 påkøyrde dyra i Suldal var 56 hjort, 32 rådyr og 5 elg. Ein bør vere særleg merksam i skumring og nattestid. Når på året dyra har blitt påkøyrde ser du i figuren under. 

Påkøyrd hjortevilt i Suldal i perioden 2007-2017, fordelt på året.

Les meir