Tema Foldøy

Den gamle skulen på Foldøy, dei seinare åra kalla Foldøy leirskule, har i mange år vore stad for eit lærerikt og godt opplegg for Suldalsskulane.

Sist endra 13.09.2015

 Foldøy leirskule - Klikk for stort bilete Jarle Lunde/SuldalFoto.no På stranda - Klikk for stort bilete Vinjar skule

 

 


 

 

Litt om leirskulen


Kommunen eig leirskulen, han er ubemanna og held til i det gamle skulehuset. I 1985 vart skulen renovert med m.a. betre kjøkken-, toalett, og dusjtilhøve. Ei ny renovering vart gjennomført i 2002/2003. Nede ved ferjekaia ligg  naust (1996). Her er båt med årer og motor. Foldøy leirskule blir i dag mest nytta av 8. klassane i Suldal kommune. I tillegg leiger ein ut plassen til lag/organisasjonar eller privatpersonar for å få inntekter til vedlikehald (les meir på eiga nettside).

 

Ressurshefte for læraren

For at ikkje lærarar som dreg til Foldøy for første gong må laga eit heilt nytt opplegg, er det samla idear frå tidligare opphald og spedd på med litt praktiske tips. Det er Gullingen leirskule som har samla og bearbeida materialet.
Heftet som er laga er inndelt slik:
1. Til læraren; bakgrunnstoff, tips og idear.
2. Elevhefte (kopieringsgrunnlag): Oppgåveark til elevane.

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?