Brosjyrer og arbeidsoppgåver

Under finn du som lærar tips og idear til miljøundervisning knytt til Miljøstatus i Suldal.

 

Sist endra 19.09.2015

 

Nettverk for miljølære + Miljøstatus = Gode lokale prosjekt?


Miljostatus og Miljølære - Klikk for stort bilete Det er mange gode nettsider laga for skulen innanfor dei tema som Miljøstatus i Suldal tek opp. 

Nettverk for miljølære peikar seg særskild ut: Nettsida er eit svært omfattande hjelpemiddel for miljøundervisninga både i grunnskulen og i vidaregåande opplæring. Her finn læraren forslag til oppgåver og prosjekt, idear til undervisning innan sentrale miljøtema, og fagartiklar som gir innføring i aktuelle emne. Nettverk for miljølære inneheld og fyldige referansar til læreplanane i dei ulike faga.

På Miljøstatus i Noreg får du oversikt over miljøtilstanden i Noreg. Miljøstatus i Suldal gir ei lokal tilnærming. Til saman finn du nyttig informasjon for aktivitetane på Nettverk for miljølære og for andre typar prosjektoppgåver.

Utdanningsdirektoratet har laga ei brosjyre der dei informerar om og fremmar bruken av miljolare.no og miljostatus.no i undervisninga.

 

Miljøjournalistane

 

Se kortfilmen over eller den fullstendige versjonen av filmen om Miljøjournalistene.

Miljøjournalistane er retta mot ungdomsskulen og videregående skule. Elevene:

  • lærer om natur og miljø på Miljøstatus
  • publisere artiklar eller legg ut filmar
  • kan få svar på spørsmål frå fagfolk

 

Klimahefte


Klimaheftet er ei arbeidsbok for mellomtrinnet og ungdomstrinnet i grunnskolen og for vidaregåande skule. Heftet omtalar dagsaktuelle klimaspørsmål og har konkrete idear til aktivitetar og undervisningsopplegg. Les om global oppvarming, ekstremvêr og klimagassar.

» Miljøstatus i Norge : Klimahefte

 

 
 

 

 

Fann du det du leita etter?