Miljøinformasjon for skulen

Natur- og kulturlandskapet i Suldal gir moglegheit for tverrfaglege registreringar, fysisk fostring, naturglede, sanseopplevingar og leik. Me håpar Miljøstatus i Suldal kan vere eit hjelpemiddel i miljøundervisninga.

Sist endra 13.09.2015

Kyssing av frosk. Blir det ein prins? - Klikk for stort bileteKyssing av frosk. Blir det ein prins? Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Natur- og miljødimensjonen er sentral i skulen


Natur- og miljødimensjonen er eit tverrfagleg kunnskapsområde som har ein sentral plass i skulen. Natur kan vere kjelde til oppgåver og kunnskap, lokal identitet, opplevingar og naturglede. Læreplanverket for grunnskulen legg vekt på innsikt i samanhengar i naturen, i samanhengar mellom menneske og natur og framhevar det etiske ansvaret for forvaltning av naturen.
Helsefremjande arbeid og fysisk fostring står og sentralt i læreplanane for faga. Opplæringa skal gi innsikt i samanhengen mellom livskvalitet, levekår, miljø og helse. Ho skal gjere sitt til at elevar trivst med fysisk aktivitet og friluftsliv og medverke til at dei tek vare på kroppen og utviklar gode helsevanar.

 

Suldalskulane har store moglegheiter i nærmiljøet

I Suldal manglar ikkje skulane nærområde med høve til uteskule. Alle ligg dei i flotte omgivnader der det ikkje er langt til fleire naturtypar som kan gi rom for aktivitet, naturoppleving og tileigning av kunnskap.
 
Mange lærarar er flinke til å byte klasserommet med nærmiljøet for ei stund. Dei ulike skulane/klassetrinn har og faste utedagar som til dømes skidag, turdag, padling i Suldalslågen med meir.

Eit døme på lokal og målretta miljølære er satsinga "Sjøen i sentrum" ved Erfjord skule. Sjøen vert nytta i undervisninga på alle trinn.

Taskekrabbe - Klikk for stort bilete UWPhoto/Erling Svensen

 

Lengre turar og overnatting


Læreplanen legg og opp til at ein skal gjennomføre lengre dags- og overnattingsturar. I Suldal er det rikelege moglegheiter for å gjere dette på ein god måte. Skulane har mellom anna tilgang til fjelltelt, kokeutstyr, kart med meir gjennom ein felles utlånssentral for friluftutstyr. Hyttene til Stavanger turistforeining er og eit godt alternativ.

 

Leirskule på Gullingen og Foldøy


Ein gong i løpet av grunnskulen reiser elevane til Gullingen leirskule på vinteropphald. Sidan 1986 har leirskulen teke tusenvis av unge med inn i naturen. Gjennom eit enkelt og tradisjonsbunde friluftsliv har leirskulen utvikla ein skule der oppleving er det viktigaste prinsippet. 

  Gullingen leirskule har skuleklassar heile skuleåret. På bildet er elevar på veg mot Reinstølen. - Klikk for stort bileteGullingen leirskule har skuleklassar heile skuleåret. På bildet er elevar på veg mot Reinstølen. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Undersøkingar i Breiavika, Foldøy.  - Klikk for stort bileteUndersøkingar i Breiavika, Foldøy. Vinjar skule Mens elevane opplever vinter på Gullingen er kontrasten stor til eit opphald på Foldøy leirskule. Her har kommunen lagt til rette for eit ubemanna leirskuletilbod der ein kan oppleve kysten og det flotte kulturlandskapet på Foldøy. 

 

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?