Om nettstaden

Miljøstatus i Suldal har som mål å:

  • gi ein samla og oppdatert informasjon om natur, friluftsliv og miljø sin tilstand og utvikling i kommunen
  • danne eit materiale som kan nyttast i undervisning på fleire nivå i skulen
Sist endra 18.08.2015

 

Det er Suldal kommune ved Bygdeutvikling som er ansvarleg for innhaldet. Jarle Lunde, i samarbeid med Bygdeutvikling m.fl., har utarbeida og oppdaterer sidene.

 

Redaksjonen

  • Jarle Lunde
  • Endre Gjil
  • Rune Roalkvam
  • Torbjørn Guggedal
     

Om Miljøstatus

 

I 2004 blei kommunen del av eit tredelt system for å skildre miljøtilstanden i landet: Miljøstatus i Norge, i fylka og i kommunane. Etterkvart blei nettsidene lagt om og frå og med 2015 er Miljøstatus i Suldal på eigen plattform. Ein fordel med dette er at innhaldet nå er søkbart frå kommunen si heimeside. 

Nettstaden er ikkje eit ferdig produkt, men ein prosess som vil bli oppdatert fortløpande. Er det noko du saknar av informasjon, kom gjerne med forslag. 
 

Miljøinformasjonslova


Lov om rett til miljøinformasjon trådte i kraft 1. januar 2004. Lova gir alle innbyggarar rett til å få miljøinformasjon både frå offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder. Lova pålegg samtidig det offentlege ei plikt til å ha kunnskap og oversiktsinformasjon om miljøet. Informasjonen skal gjerast lett tilgjengeleg for ålmenta, slik at innbyggjarar skal kunne følgje med og ha oversikt over utviklinga av miljøproblema, både nasjonalt og lokalt.

Miljøstatus i Suldal vil i stor grad kunne bidra til at dette vert oppnådd.
 

 

Fann du det du leita etter?