Raudlista for Suldal

I Suldal har me mange raudlisteartar. Det er spesielt viktig å ta vare på leveområda for desse. 

Sist endra 20.09.2015

Hubro er ein sterk trua art som hekkar fåtallig i Suldal. Bilde viser ein stor unge. - Klikk for stort bileteHubro er ein sterk trua art som hekkar fåtallig i Suldal. Bilde viser ein stor unge. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

Noreg har bunde seg gjennom internasjonale avtalar til å ta vare på truga plante- og dyreartar. Norsk raudliste er ein oversikt over desse. Dei fleste artane på lista har hatt tilbakegang grunna menneskeskapte faktorar. Lista inneheld og artar som er naturleg sjeldne og av den grunn sårbare.

Det  er gjennomført ein del registreringar på artsnivå i kommunen. Mange raudlisteartar er funne, men me veit at kunnskapsstatus framleis er mangelfull. Dette gjeld lavereståande artar generelt. Når det gjeld fuglar og dyr har me betre oversikt. 

Ein oversikt over artar, både kartfesta og i listeform, finn du hjå Artsdatabanken:

 

 

Eit utval raudlisteartar i Suldal (etter raudlista 2010)

 

Amfibier
Storsalamander var tidligare rekna for å vere direkte trua. Arten er i nå kategorisert som sårbar (VU). For få år sidan var det i Indre Ryfylke berre sikre funn av arten i Sauda. Etter nærare undersøkingar er det nå funne fleire lokalitetar i Suldal. Desse ligg på Vintralea, Ropeidhalvøya og over Kilane i Erfjord. Naturtypen er mindre, fisketomme tjørn med frodig vegetasjon.

Pattedyr
Fjellrev er nær utrydding og kategorisert som kritisk trua i raudlista. Arten er observert fleire gongar i Dyraheio, men det er usikkert om den har yngla. I dette området streifar og jerv, denne har status som sterkt trua (EN).

Gaupa, som regelmessig blir observert i skogane i kommunen, er sårbar (VU). Den norske gaupebestanden holdast nede på dette nivået gjennom regulert jakt. I denne kategorien (VU) er og oter og fleire flaggermusartar. Flaggermus har me lite kjennskap til i kommunen, oter er fåtallig ytterst i kommunen, mulig og i Hylsfjorden.

Fuglar
Om lag 30 fugleartar som er registrert i Suldal er oppført på raudlista. Åkerrikse og lomvi, som begge er kritisk trua (CR) er begge observert i kommunen. Lomvi er ein vintergjest, mens åkerriksa har vore uregelmessig observert syngande på Jelsa, Foldøy og Mo (Vasshus). Det er usikkert om den hekkar.

Hubro er ein fåtallig hekkefugl i Suldal og er rekna for å vere sterkt trua (EN). Utbygging (vasskraft og veger), samt kollisjon med kraftleidningar er truleg største trusselen for arten innanfor vår kommune.

Artar som er kategorisert som nær trua (NT) er bl a hønsehauk, jaktfalk og storlom.

Planter
Når det gjeld planter er det registrert fleire raudlisteartar i Suldal. Ein av dei, bergjunker, må ein kunne seie at kommunen har eit spesielt ansvar for, då den har sin hovudutbreiing her. Denne arten har status som nær trua (NT). Bergjunker veks på næringsrike berghyller og er særleg talrik i Stranddalen og Buarkvelven.

 
Bergjunker vest for Buarkvelven. Napen i bakgrunnen. - Klikk for stort bileteBergjunker vest for Buarkvelven. Napen i bakgrunnen. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

I 2008 blei tannkjølmose funne (Zygodon dentatus) ved Fjellbergåna. Denne er rekna som sterkt trua (EN) i Noreg og var tidligare berre kjend frå ein lokalitet ved Rjukan der den ikkje har vore gjenfunne sidan 1895.

Ein annan art som skal trekkast fram her er Skumkjuke (Spongipellis spumeus). Den veks på stammen av gamle edellauvtre, særleg alm. I Suldal er den funne to stader, begge på gamle, kydla almetre (tre der det blei hausta greiner og lauv til dyrefôr). Opphør i lauving av alm, samtidig som almesjuke spreier seg, utgjer truslar for skumkjuke på lengre sikt. Den er ført opp som "sterkt trua" (EN) i raudlista.
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim sende i 2008 eit postkort til alle ordførarar i landet. Kortet viste eit bilde av ein art han ønskjer kommunen skal ta spesielt godt vare på. I Suldal er dette skumkjuke.

 

Insekt og småkryp
Kva insekt og mindre dyr me har i Suldal veit me generelt lite om. I 2002 ble faunaen av nattsommarfuglar i Suldal grundig undersøkt. To lysfeller blei sett opp på Sand (Eide) og Roalkvam. Det blei samla inn 47425 eksemplar av storsommerfuglar fordelt på 239 artar. I tillegg kommer eit liknande tall småsommarfuglar fordelt på 220 arter. Av disse var 16 artar oppført på dåverande raudlista. Ein av artane, grå dvergmåler (Eupithecia groenblomi) (VU) er ein av Skandinavia sine sjeldnaste sommarfuglar. I Norge er den kjend frå Froland i Aust-Agder i tillegg til lokaliteten her i Suldal. Sommarfuglen er ikkje kjend frå Danmark eller Sverige. Arten lever på gullris. Biotopen er skoglysningar der planta veks.

Fann du det du leita etter?