Myr

I 2003 blei det gjennomført ei registrering av myr i Suldal med biologisk mangfald som perspektiv (Lunde, J. 2004 ). På denne sida har me gitt eit samandrag. 

Sist endra 15.09.2015

Som i Rogaland elles er det lite myr i Suldal. Det som finst er for det meste i 500-700 meters høgde. Områda der myr har størst utbreiing er i området ved Mosvatnet – Hedlebrekk og i stølsområdet over Tjøstheim der bildet er tatt. Det er svært lite gjenverande myrareal i lavlandet.  - Klikk for stort bileteSom i Rogaland elles er det lite myr i Suldal. Det som finst er for det meste i 500-700 meters høgde. Områda der myr har størst utbreiing er i området ved Mosvatnet – Hedlebrekk og i stølsområdet over Tjøstheim der bildet er tatt. Det er svært lite gjenverande myrareal i lavlandet. Suldal kommune, Jarle Lunde.

 

Ulike myrtypar i Suldal


Som i Rogaland elles er det lite myr i Suldal. Det som finst er for det meste i 500-700 meters høgde. Områda der myr har størst utbreiing er i området ved Mosvatnet - Hedlebrekk og i stølsområdet over Tjøstheim. Det er svært lite gjenverande myrareal i låglandet.
 
Nedbørsmyr, eller ombrotrof myr/myrpartier (J) finst spredt, ofte som mosaikkvekslande myrflatar saman med langt vanlegare minerotrofe myrar.

 

Det aller meste av myrareala i Suldal er fattig flat- og bakkemyr (K), mest fastmattemyr (K3) dominert av blåtopp, bjønnskjegg, rome, slåttestarr, stjernestarr, duskull, torvull, flaskestarr og klokkelyng.
 
Intermediær myr (L) opptrer i dalsider og sig, men og på flatmyr. I tillegg til artene på fattigmyr inngår mellom anna myrfiol og myrhatt.
 
Rikmyr er sjeldan i kommunen. Større areal er funne mellom Torsketjønn og Tengesdalsstølen (650 moh) (middelsrik fastmattemyr, M2) der ein mellom anna finn artar som gulstarr, breiull, marigras, jåblom og svarttopp. Ein finn og mindre areal i skogen mellom Mork og Ritlandsvatnet (Vassbotnen) og over Tysseland.
 

 

Viktige myrareal


Når det gjeld verdisetting av biologisk mangfald er dei registrerte rikmyrane svært viktige. Det same er lavlandsmyrane ved Barkeland, og då særleg Vågamyra. Dei delvis terrengdekkjande myrene ved Hedlebrekk er klassifisert som viktige.
 
Tidlegare har det vore foreslått verneområder av myr i Hedlebrekk- Fjellbergområdet, myrer som då blei vurdert å ha landsdel/regional interesse. Andre myrer av regional/lokal interesse som er framheva i rapporten er Finnadalsstølsmyra aust for Gullingen, og myra aust for Nyastølen (Gullingen). I rapporten er sistnemde kalla "Storemyr". 
 
Kartleggingsmetodikken som er nytta når det gjeld verdisetting (DN 1999) opererer med storleik på myr som eit viktig verdikriterium. I Rogaland er det igjen så små myrareal, at det nok er meir riktig med eit "restområde-fokus". Ein bør ha ei restriktiv haldning til tiltak som skadar denne naturtypen i Suldal kommune.
 

 

Fann du det du leita etter?