Skogen er viktig for klimaet

 

Totale CO2-utslepp i Suldal er oppgitt til 47.000 tonn pr år (2005). Berekningar viser at skogen i Suldal tar opp og bind minst dei totale CO2-utsleppa våre.

Av Bjarte Skipevåg

Sist endra 08.09.2015

Skogplanting, gjenplanting av avskoga område og riktig pleie av skogen er moglege klimatiltak som kan bidra til å binde større mengder CO2. I dag bind skogen i Suldal CO2 tilsvarande utsleppa i kommunen.  - Klikk for stort bileteSkogplanting, gjenplanting av avskoga område og riktig pleie av skogen er moglege klimatiltak som kan bidra til å binde større mengder CO2. I dag bind skogen i Suldal CO2 tilsvarande utsleppa i kommunen. Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal

Når eit tre veks tar det opp CO2 frå lufta og bind karbonet (C) i trevirket. Jo betre treet veks, desto meir CO2 vert bunde i stamme, greiner og røter. Karbonet forblir bunde i trevirket inntil det enten rotnar eller vert brent. Då vert CO2 frigjort igjen til atmosfæren. Eit tre må veksa i 60 til 120 år før me kan hogga det. Heile denne tida tar treet opp CO2 frå lufta. Etter at treet er hogd og tatt ut av skogen vil den vidare varigheten av bindinga vera avhengig av kva det vert nytta til. Blir det nytta til bygningsmaterialer vil karbonet vera bunde så lenge huset står, til papir så lenge dette vert arkivert, til ved inntil den vert brend o.s.v.

50 % av tørrstoffet i eit tre er karbon. I 1 m3 trevirke er det ca 450 kg tørrstoff, avhengig av treslag. For å binda 1 kg karbon trengs det 3,7 kg CO2 frå lufta. Det medfører at det i 1 m3 trevirke er bunde ca 800 kg CO2, litt avhengig av treslag.

Med eit forsiktig anslag kan me sei at samla årleg tilvekst i alle tre i Suldal, over og under bakken, er 100.000 m3/år. Dette gir at skogen tar opp og bind brutto 80.000 tonn CO2 årleg. Men frå dette talet må me trekkja skog som rotnar på rot, ved og bakhon som vert brend, hogstavfall og stubbar som rotnar m.m. Då kjem ein til at netto CO2-binding i skogen i Suldal årleg er ca 50.000 tonn. Eller sagt på ein annan måte: Skogen tar opp 100 % av våre CO2-utslepp! På landsbasis er dette talet berekna til 40 %.

Dette må ikkje vera noko sovepute i arbeidet med å få ned utslepp av klimagassar. Det viser derimot potensialet som ligg i CO2-binding i skog. Og pr dato er det den einaste tilgjengelege teknologien me har! På vestlandet f.eks. er dette potensialet ekstra stort, fordi me har svært mykje gammal, glissen furu- og lauvskog som veks lite og ingenting, men som står på god jord. Når denne skogen vert hogd og det vert planta gran i staden, kan tilveksten gjerne både 5- og 10-doblast. Altså ei dokumentert 5- til 10-dobla CO2-binding på det aktuelle arealet.

 

 

 

Fann du det du leita etter?