Forureining, støy og stråling

Det er samla sett lite luftforureing og støy i kommunen. Lokalt kan det derimot vere problem.

Sist endra 01.01.2016

Lokal forureining


Støy og støv på Berakvam
Ved Norsk Stein AS på Berakvam er det utslipp av steinstøv. Det er registrert støvnedfall i eit relativt stort influensområde for steinbrotet. Det gjeld på Berakvam og i Høyvik. Det er og registrert støv på furu i naturreservatet på Kjølvikskorpa. Bedrifta har sett i gang tiltak for støvdemping og eit støvmålingsprogram.
Ved utviding av brotet er det forventa at utslipp av steinstøv blir redusert. Årsaka til dette er fleire forbetringstiltak som går på lokalisering (utfrå vindeksponering) og støvbinding.
 
Støv frå eit pukkverk er ei ulempe, men representerer vanlegvis ikkje noko direkte helsefare. Innhald av fri kvarts eller fibermineraler i steinen som vert knust, blir sett på som primært å vere eit problem for det interne arbeidsmiljø.

Steinstøv av granitt og gneis er lite reaktivt og sjansen for at støvdrift vil påføre vegetasjonen kjemisk skade er liten. Ved stort nedfall over lang tid i områder med liten bufferevne, vil det kunne oppstå kontaktskader, demping av fotosyntese og kanskje ein viss forsuring av jordsmonnet. Med dei støvdempande tiltak som skal bli iverksette, er det lite truleg at den verna skogen på Kjølvikskorpa i Sandsfjorden vil bli berørt av tiltaket. Når det gjeld ny moseart for Rogaland som er oppdaga i området, og den rike vegetasjonen i fyllittområda nær eksisterande og framtidig brot, vil påverkinga være meir usikker.
 
Støymålingar viser at det ikkje er målt støy som overskrid gjeldande støynormer. 
Likevel er det klart at drifta ved anlegget til ein viss grad har negative konsekvenser for menneske som oppheld seg i og ved ytre del av Sandsfjorden. Fleire fastbuande og hytteeigarar er og vil bli berørt av brotet. Dette gjeld spesielt i form av støyplager, noko som reduserer naturoppleving og rekreasjon. For nokre utgjer truleg støyplagene ein reduksjon av livskvalitet.

Klimautslepp
Klimautsleppa i Suldal aukar. Pr innbyggar er utsleppa høgare enn landsgjennomsnittet. 

 

Langtransportert forureining
 

Sur nedbør
I Suldal har me ikkje vore råka av sur nedbør på same måte som store delar av fylket elles, men også me har daude fiskevatn. Sjå eigen artikkel. 

Bakkenær ozon
Høye konsentrasjonar av ozon ved bakken kan være eit helseproblem for utsette deler av befolkninga, spesielt for dei som har lunge- og luftveisproblem. Norske myndigheiter sender melding til befolkninga når det blir målt timeverdiar over 160 mikrogram ozon pr. kubikkmeter luft ved ein eller fleire av landets målestasjonar. Episodar med høye konsentrasjonar av ozon ved bakken skyldes i hovudsak tilførsler av forureina luft frå kontinentet og dei britiske øyer.

Les meir om bakkenær ozon hjå Norsk institutt for luftforsking. Her kan ein mellom anna sjå kor mykje ozon det er ved bakgrunnstasjonane me har i Noreg.

 

Radon og anna stråling


Radon
Radon er ein luktfri og usynleg gass, me kan difor puste han inn utan å vere klar over det. I dei aller fleste tilfelle er det byggegrunnen som er hovudkjelda til høge radonkonsentrasjonar
Det er gjennomført radonmålingar i offentlege og private bygg i Suldal frå 1994. Resultata viser at det i nokre bygg finst for høge verdiar. Det er foreslått/starta tiltak i desse. 
 
Anna stråling
UV stråling: Ultrafiolett stråling kan påverke helsa til dyr og menneske ved til dømes solforbrenning, snøblinde, øyeskader, hudskader og hudkreft. Les meir på Statens strålevern sine UV-sider.
 
Elektromagnetiske felt: I Suldal har me mykje kraftgater. Det er ikkje funne sikre vitskapelege haldepunkt for at dei felta me vert utsette for i dagleglivet gir nokon form for skade eller sjukdomar.
 
Mobiltelefonar og dataskjermar: Det er pr. i dag vanskeleg å påpeika nokon spesifikk risiko for helseskader av stråling frå mobiltelefonar, dataskjermar osb.
 
Tsjernobyl-ulykka i 1986: Det er gjennomført fleire undersøkingar for å vurdere moglege helsekonsekvensar av nedfallet over Noreg, men det er ikkje påvist sikre, sannsynlege effektar i dei undersøkingane som er gjort til nå.
 
Du finn meir informasjon om stråling på nettsida til Statens strålevern.

 

 

 

Fann du det du leita etter?