Forsuring av vassdrag

I Suldal har me ikkje vore råka av sur nedbør på same måte som store delar av fylket elles. Forklaringa ligg i berggrunnen. Store delar av Suldal har bergartar med høg bufferevne. Det vil seie at dei syrenøytraliserer nedbøren. Men unntaka finst.

Sist endra 16.09.2015

Vatn fossar over berggrunn som nøytraliserer nedbøren. Bilde er frå Litlavatn, Kvanndalen landskapsvernområde.  - Klikk for stort bileteVatn fossar over berggrunn som nøytraliserer nedbøren. Bilde er frå Litlavatn, Kvanndalen landskapsvernområde. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Utviklinga går rett veg

I følgje Miljøstatus i Rogaland er dei alvorlegaste skadene på naturen i fylket forsuring av svovel og nitrogen. Tilstanden er likevel under betring.

Fylkesmannen i Rogaland har over tid gjennomført undersøkingar med fokus på forsuring i vatn. pH-verdiane auka gjennomsnittleg med 0.06 pH-eining mellom 1977 og 1987. I perioden 1987 - 2002 var auken vesentleg større, ca. 0.5 einingar. Den positive endringa framgår av kartet nedanfor.


Kjelde: Enge, H. og Lura, H., 2003 Forsuringsstatus i Rogaland 2002. Ambio Miljørådgivning AS  - Klikk for stort bileteKjelde: Enge, H. og Lura, H., 2003 Forsuringsstatus i Rogaland 2002. Ambio Miljørådgivning AS

 

I 2007 har Fylkesmannen undersøkt vasskvaliteten i dei same vatna som i 2002. Ei oppsummering viser at pH-verdien i gjennomsnitt har  gått ned frå 5,91 til 5,79. For dei andre måle-einingane er det berre små endringar. Fylkesmannen er overraska over nedgangen i pH. Det er mogeleg at resultata i 2007-undersøkinga heng saman med ein sommar og haust med uvanleg mykje regn.  


Tabellen under sammanlikner pH i nokre vatn i Suldal over tid. Du finn fleire målingar i menyen.

Vatn Stad 1986/87 2002 2007 
Finnabuvatn Nesflaten 5,38 5,91 5,92
Gautevatn Øvre Moen (Ulla) 6,10 6,15 6,08 
Litlavatn Roaldkvam 5,74 6,15  
Mosvatnet Mostøl (Bråtveit) 5,66 6,24 5,85 
Natlandsvatnet Hålandselva 6,20 6,42 6,13
Svinstølvatn Sandsa 6,02 6,48 6,32
Vasslivatn Hamrabø 5,4 5,94  
Vasstølvatn Nesflaten 5,68 5,90 5,94 
 
Kjelde: 1) Enge, H. og Lura, H., 2003 Forsuringsstatus i Rogaland 2002. Ambio Miljørådgivning AS, 2) fylkesmannen.no/rogaland

 

Sure vatn og fiskedød, også i Suldal

Resultata for Suldal viser at pH varierer mellom pH 5 og pH 7. Generelt har me få problem med aurebestanden. Vasstølsvatnet og Vikastølsvatnet nord for Hebnes er særlege unntak. Dei hadde ein pH på 4,91 og 4,8 i 2007. Dette er berre mindre endringar frå 2002. Vatna er med dette blant dei suraste i Rogaland.

Jfr tabellen under kan ikkje aure overleve i så surt vatn. Lokalbefolkninga kan fortelje at det var fisk i Vikastølsvatnet, riktig nok ikkje i mengder, på 1950-talet. I Vasstølsvatnet forsvann fisken noko seinare.
 

pH Verknad
7.0-6.0 gode tilhøve for både aure og fleire viktige næringsdyr
6.0-5.5 aure klarar seg godt, men eit viktig næringsdyr som marflo blir borte
5.5-5.0 aure klarar seg framleis, men egg og yngel byrjar å få problem
5.0-4.5 vaksen aure klarar seg, men yngelen døyr slik at bestanden vil døy ut
4,5-
4.0
også vaksen aure døyr, sannsynlegvis av aluminiumsforgiftning
 
 

Dyraheio
Undersøkingane i 2002 og 2007 visar ein relativt god pH i Dyraheio. Dette er godt nytt. Dette var ikkje konklusjonen i ein rapport utarbeida i 1999 (lenke i høgre marg), Halgunset Ø. Haaland, S. og Blaker, I. 1999:

"Vatnet i Dyraheio har generelt ein låg andel av oppløyste ionar. Lågast ionneinnhald finn ein i dei høgareliggande delane av området og i område med tungt forvitreleg berggrunn. I somme av desse vassdraga er pH-verdien så låg at aurebestanden kan ha problem med reproduksjonen. Det gjeld fleire av vatna i dei sentrale og austlege delene av området som t.d. ved Steinkilen. Odden og Telstad (1998) skriv i Fiskestellsplan for Suldal kommune at Steinkilevatnet truleg er fisketomt. Dei låge pH-verdiane som vart funne i den delen av verneområdet er med på å styrkja denne antakinga. Og det er grunn til å anta at det er manglane evne til å nøytralisera ureiningar i form av sur nedbør som er hovudårsaka til dei låge pH-verdiane her. I sørvestlege (ved Stranddalen) og nordaustlege (ved Bleskestadmoen) delar av verneområdet er det høgare ioneinnhald og pH-verdiar. Undersøkinga viser dermed kva for område som er motstandsdyktige mot forsuring og kva område som har lite evne til å nøytralisera forsurande ioner."

Lite endring i 2012
Fylkesmannen har på nytt oppdatert "pH-kartet" for Rogaland. Resultata viste at vassvaliteten med omsyn til forsuring stort sett er god, med unnatak av den sør-austre delen av fylket. Samenlikna med tilsvarende undersøkingar i 2002 og 2007 var endringane små, noko som tyder på at mykje av den forventa betringa i forsuringssituasjonen allereie har skjedd. Variasjonene dei siste åra skuldast mest sannsynleg naturlege variasjonar.

 

Betring av pH gir meir fisk
Årsaka til auka i pH ligg i redusert nedfall av svovel med nedbøren. Mange stader vil dette gi grunnlag for større fiskebestand. Der surt vatn har halde fiskebestanden på eit lavt nivå, kan yngelen få betre overlevingsevne. Dette vil og kunne føre til fleire overfolka vatn. I vatn der det før har vore aure, kan det vere gode moglegheiter for reetablering.

 

Konsekvensar: Fisk og det biologiske mangfaldet råka

Den mest kjende konsekvensen av forsuring er fiskedød. I Rogaland reknar ein med at 50 % av arealet er forsura, og at 1/3 av aurebestanden er borte. Laksebestanden i Suldalslågen er redusert. Det biologiske mangfaldet elles blir og råka, mellom anna er mange arter av dyreplankton og botndyr følsame for forsuring.
 

Påverking: Langtransportert luftforureining

Utslipp til luft frå forbrenning av kull, olje og bilavgassar er dei viktigaste kjeldene til sur nedbør. Luftforureininga er ofte transportert over lange avstandar, for eksempel frå sentraleuropa eller England, før dei hamner som sur nedbør i Noreg.
 

Tiltak: Kalking for Suldalslaksen

Som følgje av sur nedbør, sjøsaltepisoder og naturlege geologiske tilhøve vert Suldalslågen utsett for surt vatn. Gjennom overføring av vatn frå Blåsjø til Suldalsvatnet kan også Ulla-Førre-reguleringa ha medverka til at pH og alkalinitet (evne til å tåla forsuring) i vatnet ut frå Suldalsvatnet er noko lågare enn før. Restfeltet til Suldalslågen (elvane som renn ut i Lågen mellom Suldalsosen og Sand) kan i flaumperiodar vinterstid utgjer ein stor del av den totale vassføringa i Lågen.
 
Laksebestanden i Suldalslågen er redusert. Då ein er oppteken av å bevara den naturlege laksestamma, vert Lågen kalka for å redusera risikoen for forsuringsskader (laks er det fiskeslaget som tåler minst forsuring). Det er fagleg usemje om i kva grad kalking er naudsynt i vassdraget.
 
Det er kalkingsanlegg på følgande stader:
- Osvad
- Mosåna
- Tveitåna
- Tjøstheimsåna

Tidligare har det og blitt kalka med helikopter. Dette har vore i Killingvatnet (Stråpaåna), Augnastølsvatnet (Steinsåna), Markosvatnet, Mjåvatnet, Ritlandsvatnet og Hiimsvatnet (Hiimsåna). Det er usikkert i kva grad dette vil bli gjennomført i åra som kjem.

I samband med eit nasjonalt forskingsprosjekt er det og forsøkt med terrengkalking. Dette var i 1999 i nedslagsfeltet til Brommelandsbekken. 

 

Aktuelt

 

 

Fann du det du leita etter?