Energibruk

Energibruk påverkar natur og miljø. Høg bruk av elektrisitet aukar presset for utbygging av vassdrag og andre typar kraftverk. Bruk av fossilt brensel fremmar drivhuseffekten og kan gi lokal forureining.
Det er eit nasjonalt mål å avgrense bruk av energi, og då særleg elektrisitet og fossilt brensel til oppvarming.

Både bruk av elektrisitet og fossil brennstoff aukar i Suldal.

Sist endra 15.09.2015

Ein av dei viktigaste utfordringane som blir tatt opp i energiutgreiinga er det faktum at me i altfor stor grad nyttar elektrisk kraft til oppvarming, vi er lite energifleksible. Forbruk av elektrisk kraft i kommunen var i 2008 på 77 GWh. Den totale energibruken var på 93 GWh. - Klikk for stort bileteEin av dei viktigaste utfordringane som blir tatt opp i energiutgreiinga er det faktum at me i altfor stor grad nyttar elektrisk kraft til oppvarming, vi er lite energifleksible. Forbruk av elektrisk kraft i kommunen var i 2008 på 77 GWh. Den totale energibruken var på 93 GWh. Jarle Lunde/SuldalFoto.no

 

 

Energiutgreiinga for Suldal

I følgje Forskrift om energiutgreiingar utgitt av NVE desember 2012 skal områdekonsesjonær utarbeida ei energiutgreiing for kvar kommune i konsesjonsområdet. Utgreiinga skal oppdateras minimum kvart andre år.

Energiutgreiinga beskriv dagens energisystem og energisamansetjing i kommunen med statistikk for produksjon og stasjonær bruk av energi. Vidare inneheld utgreiinga informasjon av forventa stasjonær energietterspørsel, og ho beskriv dei mest aktuelle energiløysingane for område i kommunen. 
 
 

Energibruk og utvikling i Suldal (Energiutgreiing 2013)

Forbruk av elektrisk kraft i kommunen var i 2009 på 95 GWh. Den totale stasjonære energibruken var på 109 GWh. Dette er siste tilgjengelige tal frå SSB.

Forbruket av elektrisitet har auka med 21 % frå 1997 til 2009, og den totale energibruken i kommunen har auka med ca. 14 % i same perioden. Med dei prognosar for forbruksvekst som er sett til grunn for dei ulike energikjeldene, vil den totale energibruken i 2025 vera på 124 GWh, av dette vil 103 GWh vera forbruk av elektrisitet. Det er mange ting som påverkar slike
prognoser og tala er derfor usikre.
 
 

Utfordringar

Ein av dei viktigaste utfordringane som blir tatt opp i energiutgreiinga er det faktum at vi i altfor stor grad nyttar elektrisk kraft til oppvarming, vi er lite energifleksible. Energiutgreiinga vil vera med å stimulera til overgang frå bruk av elektrisitet, til meir bruk av vassboren varme til oppvarming, og å auka produksjonen av energi frå fornybare energikjelder.

Les meir 

 

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?