Byggeskikk

Capture-1_4757_6000X4.jpg - Klikk for stort bilete Suldal kommune ønskjar å leggja vekt på god byggeskikk og auka forståing for og innsikt i kva god byggeskikk er og kor viktig dette er. 


Korleis vi tek i bruk landskapet, endrar det og byggjer våre hus og hytter inn i det, har mykje å seia både for dei som sjølv skal bruke husa, for naboar og for alle andre som skal bruka området. Ikkje berre i dag, men i all framtid.

Ikkje i nokon generasjon tidlegare har det vore bygt så mykje og så raskt som i dag og heller ikkje kunna ein gjera så store inngrep og endringar i landskapet som i dag.

Suldal kommune helsar den store interessa for hyttebygging velkomen. Me har god plass og mykje å by på. Det er ei stor utfordring å få så mange nye hytter til å gli inn i ein sårbar natur. Dette gjeld særleg strandsona, høgheia, og våre verna tettstader.

Suldal kommune ønskjar å leggja vekt på god byggeskikk og auka forståing for og innsikt i kva god byggeskikk er og kor viktig dette er. Derfor vart det i 2004 skipa ein komité med dette formålet, og denne har vore ansvarleg for byggeskikk-rettleiaren som nå ligg føre.

Rettleiaren som er på 32 sider får du på kommunehuset eller hjå Bygdeutvikling på Garaneset.
 

Fann du det du leita etter?