Suldal kommune satsar på natur og miljøinformasjon

Nettsida Miljøstatus i Suldal blir i dag relansert i ei ny og moderne utgåve. Målet er gi samla, oppdatert og brukarvennleg informasjon om natur, friluftsliv, miljø og kulturminne i kommunen.

Me meiner å ha eit naturlandskap og miljø av ypperste klasse. Det har difor vore eit mål at også nettsida skal vere i øvste divisjon av kommunal natur og miljøinformasjon.

 

 

Miljøstatus i Suldal

 

Det er Suldal kommune ved Bygdeutvikling som er ansvarleg for innhaldet. Jarle Lunde, i samarbeid med Bygdeutvikling m.fl., har utarbeidd og oppdaterer sidene.

I 2004 blei kommunen del av eit tredelt system for å skildre miljøtilstanden i landet: Miljøstatus i Norge, i fylka og i kommunane. Etterkvart blei nettsidene lagt om og frå og med 2015 er Miljøstatus i Suldal på eiga plattform. Ein fordel med dette er at innhaldet nå er søkbart frå kommunen si heimeside.

http://www.miljostatus-suldal.no/