Strandaliane naturreservat

Klikk for stort bileteKveldslys over Strandaliane naturreservat. I bakgrunnen ser du Bråteveit Vidar Lunde/SuldalFoto.no I Suldal er det no åtte naturreservat. Det sist oppretta blei vedteke av Kongen i statsråd 15. desember 2017, Strandaliane naturreservat. Området ligg søraust for Suldalsvatnet mellom Kvilldal og Bråtveit og er på 11 385 dekar. Det utgjer eit stort samanhengande skogsområde med bratte skoglier frå lågland til fjells som er lite prega av nyare inngrep. Vernet er tufta på ordninga med frivillig vern av skog på privat grunn.

Les meir om Strandaliane naturreservat