Nytt verneområde: Strandaliane

Kveldslys over Strandaliane naturreservat. I bakgrunnen ser du Bråteveit - Klikk for stort bileteKveldslys over Strandaliane naturreservat. I bakgrunnen ser du Bråteveit Vidar Lunde/SuldalFoto.no Kongen i statsråd vedtok 15. desember 2017 å verne Strandaliane naturreservat. Området ligg søraust for Suldalsvatnet mellom Kvilldal og Bråtveit og er på 11 385 dekar. Det utgjer eit stort samanhengande skogsområde med bratte skoglier frå lågland til fjells som er lite prega av nyare inngrep. Vernet er tufta på ordninga med frivillig vern av skog på privat grunn.

Med Strandaliane er det no åtte naturreservat i Suldal kommune.

Les meir om Strandaliane naturreservat

Fann du det du leita etter?